Jæren Kystlag

For bevaring av vår kystkultur ...

Oversiktskalender

Desember 2019
M T O T F L S
1
2 3 4 5 6 7 8
9 10 11 12 13 14 15
16 17 18 19 20 21 22
23 24 25 26 27 28 29
30 31

Kommende aktivitet

19. des 2019
18:00 -
Drop-in Obrestad fyr
26. des 2019
18:00 -
Drop-in Obrestad fyr
02. jan 2020
18:00 -
Drop-in Hognestad
09. jan 2020
18:00 -
Drop-in Obrestad fyr
16. jan 2020
18:00 -
Drop-in Obrestad fyr

Sjur Idsal

Etter kort tids sjukdom kom det beskjed om at Sjur Idsal var død. Han blei alvorleg sjuk før jul og var heima siste tida. Sjur blei 76 år.

Sjur kom inn i kystlaget i år 2000 og har vore med i styret frå 2002.

Når gavlabåten blei restaurert i løa på Varhaug var det Sjur sin kunnskap om båtbygging som kom til hjelp. Båten blei ferdig og har blitt brukt kvar sommar i åra etterpå.

Sjur kom frå ein båtbyggarfamilie i Ryfylke og bygde robåtar i mange år. Når han kom inn i kystlaget og me fekk lokale på Sør Reime brukte han sine maler når kystlaget laga båtar til utlodding for laget. Sjur og gjengen bygde mange robåtar som blei lodda ut til inntekt for kystlaget, og seinare gav han sine maler til kystlaget.

Sjur såg ein dag i Skudenes ein gammal losbåt som fanga hans interesse. Dette var visstnok siste losbåt av denne typen. På styremøte i kystlaget kom Sjur med forslag om å laga kopi av denne båten. Dette var starten på bygginga av ei tilnærma kopi. Båten er utstyrt med motor og rigg, og er i dag i kystlaget og har fått navnet Jaren.

Jæren Kystlag samarbeida med skulen i Hå ein periode og då var det Sjur som tok imot elevar på Sør Reime hvor dei fekk læra og arbeida med maritime ting.

Sjur var alltid aktiv i kystlaget og fast mann på Sør Reime inntil helsa svikta. Han var også å finna i Obrestad havn på jonsok.

Kystlaget har mista ein god kollega og båtbyggar av den gamle skulen som var fødd og oppvaksen i båt.

For styret
Johan Havn

(Bildet av Sjur er tatt av Ingolf Ibenhard Benjaminsen)

Jæren Kystlag 1999 © 2019

Med alle rettigheter!

Org.nr: 886 425 252



X

Right Click

No right click